Intervju med masterstudent: Filosofi

Intervju med Torstein Sverre Hoff, masterstudent i filosofi.

Foto av Karoline Hannisdal

Korleis fungerer masterstudiet i filosofi ved UiB?

Det består av fire semester, med fordjupningsemne i faget og førebuing til masterskrivinga, kor du vel emne og les relevant litteratur.

Kva skriv du om?

Politisk filosofi, nærmare bestemt prøvingsrett. Her i Noreg kan for eksempel høgsterett overprøve stortingsvedtak for å sjekke at dei ikkje strir med grunnloven. I USA har vi eksempel som når høgsterett gjer vedtak om tema som abort, skole, eller donasjon til politiske parti. Er det eit demokratisk problem at ikkje-valde dommarar skal kunne overstyre demokratisk valde organ som for eksempel stortinget?

Og har du noko slags svar på det?

Det er vanskeleg; da må ein først avklare kva vi eigentleg meiner når vi snakkar om demokrati. Ordet blir nemleg brukt på mange forskjellige måtar i den politiske samtalen. Oppgåva mi samanliknar to politiske filosofar: Ronald Dworkin, som er positiv til prøvingsretten, og Jeremy Waldron som er skeptisk. Waldron meiner at det må vere opp til dei som er blitt valde av folket som burde ha det siste ordet i kva slags rettigheitar vi har.

Har du blitt overraska over noko mens du har arbeidd med oppgåva?

At eg skriv om dette temaet i det heile tatt! Eigentleg skulle eg skrive om menneskerettigheitar, men veiledaren min peila meg inn på prøvingsretten.

Kor langt er du i oppgåveskrivinga?

Eg skal levere no i mai. Siste innspurt, altså.

Veit du sånn ca. kor mykje tid du bruker på oppgåvearbeid i uka?

Det har eg ikkje oversikt over, men eg prøver å gå på lesesalen kvar dag, og ser jo at eg får gjort ein del når eg kjem meg dit.

Har du nokre tips til dei som kanskje tenker på å gje seg i gong med masterskriving?

Ver interessert! Fin eit område du vil jobbe med, om ikkje eit heilt konkret emne – men ikkje ver overraska om det endrar seg. Dessutan bør ein starte med skrivinga så fort som mogleg, da får du oversikt over kva som manglar, og kva slags hol som bli fylt.