Teater til folket: Engler over Møhlenpris

I løpet av fjoråret var det ein tiltakande debatt i hovudstadspressa om kor vidt det var kynisk kommersialisme å sette opp musikalar over ein lav sko. Musikaloppsettarane meinte ein må gje folket det folket vil kjøpe billetter til. Og ein forstår at det er musikalane folket soknar til. Kven er eigentleg publikum når ein sett opp Shakespeare og fordelar seks rollar på to skodespelarar som aldri bytar kostyme, berre svarar på andre namn? Eg smaker av og til på kjensla av at norske scenar ikkje eigentleg vil at Ola Nordmann skal gå på teater.

«Engler over Møhlenpris», derimot, er ei førestilling  du kan ta både pappa og bestemor med på. Scenebildet er effektivt og likeframt når publikum sitt seg midt inn i ein bygard som er på Møhlenpris men kunne ha vore kor som helst. Det dirrar i golvet på Teaterkjelleren når bebuarane spring opp og ned trappar, bankar på dører, heng ut klesvask og dreg han inn igjen. Ungane heng på dørklokkene, mørkeredsla gneg i kjellaren, og frå taket kan vaktmeistaren sjå utover byen når han fortel oss om korleis han aldri kom seg vekk frå huset han blei fødd i.

Bjørn Willberg Andersen har skrevet stykket og spelar den berande rolla som vaktmeisteren, han som best kjenner både huset og dei som bur i det, på tvers av tid og rom. Eit soverom på femtitalet glir over i ei trappegong frå dei dagar fjortisjentene hadde Justin Bieber på bringa; ein gryande søttitalspønker blir skjelt ut av ei sur gamal gubbe som eingong var i utanriksfart – eller var han den første hippien i gata? Men tematikken er universell, om det er i 1957 eller 2017 at vi veit litt meir om naboane enn vi skulle ønske at vi gjorde. Det handlar om menneske og om dei enkle, kvardagslege tinga vi alle skal oppleve. Folk blir skilt, får ungar, har hemmelegheiter. Sikringar ryk. «Engler over Møhlenpris» er eit stykke som viser kvardagslivets irrelevante drama, og kor vondt dei likevel gjer når vi står midt i det.

Og det er musikk, òg den av Andersen. DNS beskriv det som «musikkteater», og det får vere dekkande nok. Apropos musikalar, så kjenst det aldri som ein, sjølv om her er både hyppig song gjennomkoreograferte gruppescenar. Likevel er musikken berande i stykket, og musikken er god – både vokalprestasjonane, bandet bak på scena, og når det er skodespelarane sjølv som trakterar gitar og blåseinstrument. Her må ein likevel trekke fram kva Kristian Berg Jåtten presterar av gåsehudfaktor når studenten kjenner på meiningsløysa.

Så ja: «Engler over Møhlenpris» er eit stykke som fortener publikum. Ta med deg pappa og bestemor og ho venninna di som aldri går på teater. Dokker kjem ikkje til å angre. Eg trur ikkje eingong dei som liker minimalistiske Shakespearetolkningar kjem til å gjere det; for det her, det er noko så enkelt som godt teater.

Få billett her.