Intervju med masterstudent: Tysk

Foto: Otilie Brubæk Stokseth

Intervju med Sander Oliver Henriksen, masterstudent i tysk.

Kva handlar oppgåva di om?

Eg har ei didaktisk [undervisningsrelatert] vinkling, og arbeider med noko som heiter «lesson studies». Eg set dette inn i eit tyskundervisningsperspektiv, undersøker korleis tysklærarar og tysklærarstudentar opplever å bruke det i tyskundervisning, og korvidt det er kompetansehevande for dei som fremmedspråkslærarar.

Så kva er eigentleg lesson studies?

Det er ein metode kor ei gruppe lærarar samarbeider om undervisning. Først finn dei eit «problem» hos elevane eller eit hol som må bli fylt, og så planlegg dei eit undervisningsopplegg i detalj. Når ein lærar gjennomfører opplegget med elevar, observerer dei andre og noterer seg korleis det fungerer i praksis. Så diskuterer dei erfaringane, forbetrar opplegget, og gjentak prosessen med ein annan lærer.

Har du sjølv erfaring som lærar?

Ja, før eg starta masterstudiet hadde eg ansvaret for ein tyskklasse og ein samfunsfagsklasse i to år – det var artig. Eg har eit årstudium i statsvitskap som ein del av graden min.

Korleis har arbeidet med oppgåva gått så langt?

Det har gått fint. Eg jobbar strukturert og, med klare mål. Eg brukte haustsemesteret på feltarbeid kor eg samla data som eg no bearbeider. Eg har ein god veileder og får mykje tilbakemeldingar, som er positivt. Eg jobbar ut frå ein plan med mål for kva eg vil ha gjort kvar veke, og eg held veiledaren min oppdatert via mail om korleis det går med arbeidet og måla mine.

Kva slags data var det du samla inn til oppgåva?

Oppgåva mi har ei kvalitativ vinkling. Eg intervjua lærarstudentar som har arbeidd med metoden.

Har du blitt overraska av noko mens du jobba med oppgåva?

Ikkje foreløpig, men eg er spent på kva som dukkar opp når eg begynner å analysere materialet. Dette er eit tema det har vore lite forska på i Noreg; så vidt eg veit blir oppgåva mi den første ser på «lesson studies» i eit framandspråksperspektiv.

Korleis fungerer masteropplegget i tysk ved UiB?

Det er fire semester; først to semester med undervisning, og to semester med oppgåvearbeid. Ein kan òg starte masterstudier på vårsemesteret og levere oppgåva i desember.

Kor langt er du sjølv i løpet?

Eg leverer no til våren, så eg bur for tida på lesesalen.

Du seier at du «bur på lesesalen» – da veit du kanskje omtrent kor mykje tid du bruker på oppgåvearbeid?

Eg jobbar mellom 6 og 10 timar kvar dag, og av og til i helgane – sjølv om eg prøver å halde dei fri, for å hente inn litt energi.

Har du nokre tips til andre som planlegg ein mastergrad?

Eg er ikkje nokon ekspert, men eg trur det er viktig med konkrete mål – vekentlege eller daglege – for korleis du vil at framdrifta skal vere. Vit kva du vil ha gjort; kva du vil ha lese, kor mykje du vil skrive. Sørg for at du får gjort noko kvar dag.

Du skriv oppgåva på eit framandspråk. Er det vanskeleg?

Ja og nei. Det må vere godt skrive og på eit akademisk språk, og det er ikkje enkelt. Men eg kjenner at eg har såpass god kontroll at det går heilt greitt. Eg har sekundærlitteratur på skandinaviske språk, engelsk og tysk – mest engelsk og norsk.