Jerven kvesser klørne ein siste gong

9 filmer har det blitt for Hugh Jackman sidan han i 2000 for første gong ikledde seg rolla som James Howlett eller Logan, og det er litt av grunnen til at Logan er ein så bra film.

Eit stykke inn i framtida har det meste gått skeivt for mutantane, det vært ikkje fødd nye menneske med superkrefter og dei som er igjen har for det meste forsvunne. Ting er i grunn ganske ræva for alle involverte, spesielt Logan. Han har begynt å kjenne på alderdommen og har mista trua på det meste som ikkje inneheld alkohol. Det går ikkje betre med Patrick Stewart sin karakter, Charles Xavier som har fått ein form for demenssjukdom, mulegens Alzheimers eller ALS. Ikkje akkurat ein lystig feelgood film.

Mens Logan tar hand om Charles sør for den amerikanske grensa så må dei plutseleg ta hand om ei lita jente som flykte frå skumle menn. Og tidenes roadtrip kan starte.

Logan er i grunn ikkje ein superheltfilm, den har superheltar i seg, men det er aldri fokuset. Den likne meir på No Country For Old Men enn andre Marvelfilmar, med sine tema om død og det uunngåelege. Dette hjelper filmen, den er eit dystert karakterdrama om to slagne menn og ei jente dei må hjelpe, brutt opp av brutale kampscener. Visuelt er filmen brun, utvaska og skitten, noko som hjelper med å byggje opp universet til filmen. Dette er også ein veldig valdeleg film, lemmane flyge veggimellom og folk dør på urovekkande måtar. Men det som gjør at filmen føles valdeleg ut er skodespelet. Vi har sett valdelege superheltfilma før, slik som Deadpool og Kick Ass, men i dei filmane vært valden så overdreven og det vært som oftast presentert på ein humoristisk måte slik at det heile blir distansert. I Logan gjør skodespelet at det føles nært og skremmande. Når Jackman slipper seg laus er han meir som eit rabiat dyr enn ein helt. Det er ikkje ein triumf når han spretter klørne, men heller eit tap. Misforstå meg rett, kampscenane er nydelege, og det er kjempegøy å sjå kor blodig det kan bli når ein veive rundt med sylkvasse klør. Men det heile vært presentert på ein måte som setter spor.

Og når vi er inne på skodespelet så har eg bare gode ting å seie. Hugh Jackman gjør mulegens karrierebeste som ein mann som har tapt nesten alt. Patrick Stewart gir også sitt beste i rolla som den aldrande Charles Xavier som begynner å bli dement. Det som kanskje overraska meg mest var Dafne Keen som den unge mutanten Laura. Det er alltid ein risiko involvert når ein har med barneskodespelarar, og vi trenger ikkje å nemne alle skrekkeksempla der ute. Men Keen speler heilt på høgde med dei to motpartane sine og det heile føles naturleg ut. Gjennom ansiktstrekk og kroppsbevegelse får ho fram alt karakteren vil. Dette er vanlegvis vanskeleg for sjølv erfarne skodespelarar, men her klarer 11 år gamle Keen seg utmerka.

Om det er noko eg må trekke på så er det skurkane som kan verkar litt anonyme. Igjen så gjør Boyd Holbrook ei god rolle men han får ikkje utfolde seg på same måten som dei tre hovudrollekarakterane. Men det må nesten være slik, filmens fokus liggje på samspelet mellom dei tre hovudrollekarakterane. Eg sa innleiingsvis at noko av grunnen til at Logan er så bra som den er, er at Hugh Jackman har spelt rolla så lengje. Det gjør at dei av oss som har vokst opp med X-Men-filmane kjenner at karakterane på skjermen vert meir som gamle kjente enn figurar i ein film.

Både Jackman og Stewart har sagt at dette blir siste gongen dei kommer til å spele desse karakterane. Om det stemmer så er dette absolutt ein verdig avslutning på ein av superhelt-sjangerens veteranar.

Terningkast 5.

Nøkkelinformasjon:

  • Regi: James Mangold
  • Sjanger: Action/Sci-fi
  • Aldersgrense: 15 år
  • Lengde: 135 min
  • Premiere: 3. mars