Vaiana – Disney gjør det igjen

Vaiana er ei fri sjel som bare ynskje ein ting, å seile forbi revet på øya der ho bur og utforske det endelause havet, til sin fars store fortviling. Men skumle ting helde på å skje og snart må ho reise av stad med ein macguffin for å finne ein halvgud som kan hjelpe ho med å redde verden og alt ho har kjært.

Vaiana er den nyaste animerte prinsessemusikalen frå Disney og det kommer vel ikkje som noko sjokk at den er underholdande og vellaga. Dette er jo faktisk Disney ein snakkar om, dei kunne sikkert gjort dette i søvne. Men dette er ikkje noko døsig halvgjort greie. Det er eit kjærleiksbrev til eventyrlysten og polynesisk kultur.

Regien har Ron Clements og John Musker stått for og det dei har fått til er beint ut nydeleg. Dette er ein verden eg kan drøyme meg bort til. På same måte som at Zootropolis skapte eit enormt fungerande univers så er verda Vaiana leve i ein verden der dei har tenkt på kvar minste detalj. Historia er godt fortalt og godt posisjonert utover filmen. Noko eg beit meg merke i er at filmen er nesten 2 timar lang, ein god del lengre enn kva som er vanleg i Disney sine animerte filma. For min del er det berre bra, det eg som vanleg klager over er at Disneyfilmane er for korte, så dette er noko dei kan fortsetje med for min del. Om det er noko eg skal pirke på så er det kyllingen Heihei som kjeledyret til Vaiana så bare var ein pest og ein plage når han var på skjermen.

Eg såg den norskspråklege versjonen av filmen og vanlegvis er det noko eg prøver å unngå. Ja, eg er ein av «den» sorten, som aller helst skal sjå filma på originalspråket og som fnyser av dei fleste dubber fordi dei må forandre så mykje på kva som var opprinneleg meint. Prøv å sjå LEGO filmen på norsk, ingen av vitsane treffer!

Men den norske dubben var faktisk overraskande god, mykje betre enn Frozen som er ein av favorittfilmane mine. Nora Gjestvang har stemma som Vaiana og spiller godt ei høvdingdotter som blir trekt mellom si eiga eventyrlyst og pliktfølelsen av å være den framtidige leiaren til heile øy samfunnet sitt. Sjølv om han er ein god del lysare og mildare i stemma en Dwayne «The Rock» Johnson så er Jeppe Beck Laursen som Maui ein fryd for øyret, særleg fordi han spiller Maui som ein litt sjølvopptatt kjendis som mest bryr seg om kva andre meiner om han. Dette er også Bjørn Eidsvågs debut som skodespellar, noko som er vart eit av høgdepunkta i filmen.

Eine grunnen til at dubbinga fungerer så bra er at songane også sitter som støypt. Songane er gode i utgangspunktet og oversetningane er like gode. Noko av det første eg gjorde når eg var ferdig å sjå filmen var å finne både det norske og det engelske albumet på Spotify for å høyre gjennom det igjen. Songane vert diverre ikkje like gode som songane i Frozen men det skal det i grunn mykje til for, dessutan er det vel fleire som er glade for at dei slepp å hanskast med ein ny Let It Go. Sjølv songar frå filmen har fått speletid på radioen, du har sansynlegvis høyrd Alessia Cara sin How Far I’ll Go som er rulletekstsongen i filmen.

Vaiana er ein film eg skal sjå igjen på kino, noko som er særdeles uvanleg for min del. Karakterane er gode og velspilte, handlinga er interessant, songane sitter som bare det og det heile er nydeleg å sjå på.

Terningkast 5 

Nøkkelinformasjon:

  • Regi: Ron Clements, John Musker
  • Sjanger: Animasjon/Eventyr/Familiefilm
  • Aldersgrense: 6 år
  • Lengde: 113 min
  • Premiere: 3. februar