Gøy tøv

Sivilisasjonens sentrum er truet, rett over grensa ventar hordene, millioner på millioner av demoniske monster. Det einaste som beskytter verden mot utslettelse er ein storslagen mur og den etnisk homogene hæren som beskytte den. Nei dette er ikkje feberfantasiane til Trump, dette er den nye storfilmen: The Great Wall.

Filmen handlar om Matt Damon og Oberyn Martell, to soldatar som reiser til Kina for å finne hemmelegheitene til krut. Det første som møter dei er ein gigantisk mur som strekker seg til horisonten og dei finner raskt ut at den er satt opp for å beskytte riket mot monster og no må dei og slost.

Det som slo meg ganske fort med filmen er at den er ganske spesiell visuelt. Mest synleg var det faktum at alle soldatane hadde spesifikke farger på rustingane sine. Fotsoldatane hadde svart, bogeskyttarane hadde knallraudt og jentene hadde knallblå. For å si det slik, om nokon hadde fortalt meg at denne filmen var bastert på eit dataspel så hadde eg trudd dei med ein gong. Regissøren Zhang Yimou (Hero, Flyvende Dolker) har også gjort ein utmerka jobb her. Enkelte av scenane er beint ut vakre, for eksempel, ved eit punkt skal dei slost i skodda og muren ligger badet i eit skoddehav som får det heile til å sjå ut som eit tradisjonelt kinesisk maleri. Om ein har sett ein del kinesiske action filmar så kjenner ein seg igjen med det same. Her er umulege stunt, fri bruk av sakte film og monster med ganske original design. Sånn sett så likne den visuelt ein del på Yimou sitt tidlegare verk Hero.

Skodespelet er heilt greitt, både Matt Damon og Pedro Pascal køyre på autopilot utan at det skade heilheten. Den som stikker seg ut er Jing Tian som Lin, kommandøren for jentene på muren. Ho spiller godt og truverdig og eg gleder meg til eg ser ho igjen i Kong: Skull Island som kommer på kino 10. mars.

På mange måtar minner denne filmen meg litt om Schwarzenegger-filmen Commando. Ein vanvitig film med urealistisk action, ei avsindig historie og med eit manus og one-liners som ville fått dei fleste til å gremme seg. Den er også ein veldig underholdande film der alt som vanlegvis ville trekt ned opplevinga i grunn ikkje er så viktig. Eg skal ikkje leggje noko imellom, dette er ein dum, urealistisk popkornfilm, men det er ein dum, urealistisk popkornfilm som eg likte ganske godt. Handlinga fungerer best om ein ikkje tenker for hardt på det som skjer og skodespelet halter litt med klisjéfylt dialog men det er lettbeint og god underholdning som eg ikkje reknar med at du kjem til å angre på om du liker sjangerfilmar av denne typen.

Om du slår av hjernen og er open for tøvet som kjem så er denne filmen ganske underholdande.

Terningkast 4

Nøkkelinformasjon om filmen:

  • Regi: Zhang Yimou
  • Sjanger: Action
  • Aldersgrense: 12 år
  • Lengde: 104 min
  • Premiere: 17. februar