Dyrene i Hakkebakkeskogen – den nye kultfilmen?

 

Animasjonsfilmen Dyrene i Hakkebakkeskogen (2016) baserar seg på Thorbjørn Egner (1912-1990) sitt verk med orginaltittelen: Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen. Opphavleg kom den ut som bok, første gong i 1953 og seinare som høyrespel, lydbok og teaterstykke, verket er altså kjent og kjært for dei fleste.

Resultatet av denne adapsjonen er ein animasjonsfilm vel verdt å sjå. Den baserer seg på Egner sitt arbeid og syner kombinasjon av både nyskaping og det e arbeidet til Torbjørn Egner. Denne filmen vart laga med detaljrike dokker og tradisjonell stop-motion-teknikk, noko som gjer det spennande reint visuelt i tillegg til å vere fargerik, som gjer karakterane og Hakkebakkeskogen meir djupne i uttrykk.

Handlinga i filmen er som kjent lagt til Hakkebakkeskogen der Klatremus (Røyst: Espen Bråthen Kristoffersen) og dei små venene hans bur. Det dyra har til felles er at dei er i konstant fare for å bli eten opp av Mikkel Rev (Stig Henrik Hoff) og andre rovdyr som ikkje klarar å skaffe seg mat på ærleg vis. Når Petter Pinnsvin (Egil Hegerberg) i tillegg gjer forsøk på å ete fornuftige Morten Skogmus sin bestemor (Wenche Myhre), då er det på tide å lage ei lov for å regulere lovløysa som føregår i skogen og det vert halde allmøte i skogen. Morten skogmus (Nils Jørgen Kaalstad) tek initiativet til dette arbeidet, mens bjørnen Bamsefar (Ivar Nørve) hjelper med å innføre lova, der hovudbodskapen er: Nå skal alle dyrene i skogen være venner og det er forbudt å spise hverandre. Ei side er intensjonen med lova, ei anna er praksis. For Mikkel Rev er framleis svolten og han prøver å finn nye vegar for å skaffe seg mat, og får ein ide om å gjere eit forsøk på å finne mat i stabburet på garden ved utkanten av skogen. Spenninga i filmen er utan tvil når vesle Bamse Brumlemann vert bortført og må reddast av mannen og kona frå garden som vil selje han til eit sirkus. Etter å ha blitt anklaga vert Mikkel Rev trekt inn i redningssituasjonen, som igjen auke spenninga.

Det som kjenneteiknar dette stykket er at alle dyra i Hakkebakkeskogen representera ulike mennesketypar, dvs. dyr med menneskeleg eigenskapar. Dei er fargerike og lett å kjenne seg att i, . Scener som kan trekkast frå er til døme når Klatremus lurer reven, vist gjennom slapstick-humor. Eller Bakermester Harepus (Jan Martin Johnsen) som prøve hardt å lære bakarguten korleis ein lagar peparkaker der resultatet av pepperkakene ikkje vart heilt som dei skulle (var det ein teskei eller eit kilo pepper?), men dei skulle vise seg veleigna til bestemte formål for potensielle kaketjuvar. Søte karakterar finn vi og blant dyra, som veslebjørn Brumlemann  (Andreas Alnes) og ei moderleg Bamsemor (Marit Synnøve Berg). Bamsefar vert framstilt som den gamle, kloke og joviale karakteren av ei viss autoritet.

Handlinga i filmen som i teateret ber preg av å vere tidstypisk for 1950-åra, der mor stellar heime, og alle ho-dyr blant karakterane går med skjørt eller kjole. Gjennomgåande får vi her eit innblikk i kjønnsrollemønster med arbeidsdelinga mellom mann og kvinne. Scena med Bamsemor som vaskar Brumlemann (fullt påkledd som i boka) er ein klassikar i stykket der vaskescena i år har vore brukt i ein Lano-såpereklame.

Filmmusikken er i ein klasse for seg med dei kjente og kjære songtekstane til Thorbjørn Egner og melodiane til Christian Hartmann. At gruppa Kazenjammer har fått slept til med dei musikalske arrangementa og rocke opp visene er eit godt val. Musikken har eit morosamt og spennande uttrykk, og gjev meir liv i filmen og karakterane. Den har ei noko høgtidleg stemning, ei kjensle av «konstitusjon-tema», for eksempel når Morten tek kontakt med Bamsefar å leggje fram gjennomarbeida lovforslaget som vert lest opp lova allmøtet i skogen – den nye skoglova, eller scena med det kjenslemessige gjensynet mellom Bamsevesle Brumlemann og Bamsemor og Bamsefar. Som uttrykk verkar det høgtidsame og emosjonelle musikken formidla vel prega av amerikansk klisjekultur, som vi har sett før. Og det trekk filmen noko ned i karakter (i terningkast). Men trass det så har filmen kjente songar av Egner som det sikkert går ann å synge med til.

Filmens hovudbodskap er fred og samarbeid, typisk for Egner og framleis gjeldane i dag. Ein fargerik og spennande visuell oppleving, med dyktige skodespelarrøyster og eit interessant og att kjennelig persongalleri, gjer filmen svært god. Den tradisjonelle historia tilføras noko nytt med animasjon, og kven veit, kanskje vert det ei oppattfrisking av Thorbjørn Egner sine bøker òg på film? Eg ser ikkje vekk frå at kinopublikum kan kome til å la seg rive med i å synge dei kjente og kjære songane under filmframsyningane og bli ikkje forundra om du høyrer Egner-song eller nynning på veg ut frå kinosalen eller andre stadar etter filmen. Dei er enkle å lære og set preg hjå folk. Og filmen har faktisk eit potensiale til å verte ei kultfilm for nye generasjonar som veks opp. Gjennomgåande er dette ein utmerka god film som passar for både barn og vaksne. Håpar vi får sjå fleire animasjonsfilmar henta frå Thorbjørn Egner sine bøker.  

Terningkast: 5.

Nøkkelinformasjon om filmen:

Norgespremiere: 25.12.2016

  • Originaltittel: Dyrene i Hakkebakkeskogen
  • Genre: Animasjon / Barnefilm.

Skodespelarar: Espen Bråthen Kristoffersen, Stig Henrik Hoff, Wenche Myhre, Nils Jørgen Kaalstad, Jan Martin Johnsen, Jakob Skøyen Andersen, Ivar Nørve, Marit Synnøve Berg og Egil Hegerberg

  • Regi: Rasmus A. Sivertsen
  • Manus: Karsten Fullu
  • Nasjonalitet: Noreg.
  • Produksjonsselskap: Qvisten Animasjon AS,
  • Distribusjon: SF Norge
  • Produksjonsår: 2016
  • Lengde: 1 t. 15 min.
  • Aldersgrense: Tillatt for alle