Ad Raptus

Det var ingen kvite kaninar med vest og lommeur i Bergens gatar sist helg, men derimot ein neonblå ulv og to dinosaurar. Og når eit par Galtvortelevar runda hjørnet foran deg, da er det berre ein veg å gå. I alle fall hvis du skal på teikneseriefestival.

Ein gong på nittitalet blei det påstådd at vi bur i det landet som har det nest høgaste forbruket av teikneseriar (etter Japan). Soga tier om korleis den statistikken blei framregna, men sikkert er det i alle fall at Donald Duck & co. i ei årrekke var eit av landets største vekeblad. Sikkert er det og at Ola Nordmanns påstådde appetitt for teikneseriemediet begrensar seg til det som står i bladhyllene på kiosken, for på Raptus-festivalen var det mest den faste meinigheita man såg. Altså nesten stereotype nerdeskikkelsar, folk som tydeleg kunne bruke både arv og ukelønn p

raptus2
Illustrasjonen fra årets plakat (Bilde: Rasmus Julius/Raptus)

å Marvel-merchandise, og cosplayfolket. Det kjentes faktisk smått nakent å gå rundt uten så mykje som ei Pokémon-t-skjorte.

Det var ikkje dei aller største namna på plakaten i år. Store norske serieskaparar glimra med sitt fråver, og av utanlandske gjestar var det heller ingen som kunne påstås å tilhøre dei man oftest høyrer om i teikneseriemainstreamen. Mest berømt var muligens eit par Sprint-teiknare frå nittitalet, skjønt dei som har nådd flest norske lesarar truleg var dei italienske Donald-skaparane. Størst internasjonal prestisje hadde kanskje Superheltmansuforfattaren som kunne fortelje korleis det kjenns å gå rundt på eit filmsett basert på ei historie som du har skrive, og årevis seinare fortsatt se guttungar med figurane dine på matboksen. Og eit ikkje lite trekkplaster var dei som eg overhøyrde to av arrangørane omtale som «ponnyjentane» – som på nittitalet kanskje hadde teikna «Wendy», men i 2016 teiknar My Little Pony til stor jubel frå publikum.

Men Noreg er som nemnt eit teikneseriekonservativt land kor folk flest kanskje veit namnet på han-som-lagar-Pondus og har høyrd at Knut Nærum har skrive ein Donald-historie eller fem. Vår venn Ola hadde neppe troppa opp om det så sto «Marco Rota» og «Alan Moore» på plakatane, og synd er det. Man treng ikkje vere blant dei største berømtheitane for å fortelje om korleis teikneserieverda ser ut fra innsida, og Raptus-festivalen hadde fått inn ein gjeng som kunne belyse emnet frå fleire sider. Her var manusforfattarar og illustratørar, frilansarar og forlagsansatte, proffar og amatørar og dei sånn midt-i-mellom-einstad. Man må vel uansett vere i kategorien «spesielt interessert» for å bruke fritida på å høyre om korleis folk skriv manus til DEN serien eller kordan dei blei ansatt til å teikne for DET varemerket, men kanskje skulle man meine at nordmenn – teikneserieelskarar som vi tross alt er – burde ta seg turen innom får å få eit lite blikk inn i det enorme mangfaldet som faktisk finns utafor Donald Pocket og Lunch-album. Og for oss spesielt interesserte, så var det om ikkje anna noko betryggande i å se at det faktisk finns andre her på berget som står opp ein lørdag morgon for å høyre foredrag om Scooby-Doo og Svampebob Firkant.

Moro var det lell. Og neste år kjem Don Rosa.