Alice through the looking glass

Alice er tilbake i underlandet og imponerer bedre enn sist

Regi: James Bobin
Sjanger: Action/Eventyr
Lengde: 1t. 57 min
Aldersgrense: 9 år
Filmen har premiere onsdag 25. Mai

Historia er ein direkte oppfølgjar til den første Alice filmen men det er ikkje naudsynt å lide seg gjennom Johnny Depp sin futterwacking ein gong til for å få med seg historia i denne filmen. Alice har nettopp komme heim at etter tre år i Kina, ein tur ho annonserte i slutten av førre film. Vel i land oppdage ho at folk helst vil at ho skal slutte å være ei «strong independent woman» i noko som er ei heller slapp og forutsigbar sidehistorie. Dette fører ho til eit speil og tilbake til «Underland», som dei kalle stede. Der oppdager ho at Hattemakeren er blitt sjuk og det einaste som kan redde han er «kronosfæren». Og dermed kan eventyret starte.

Før eg gjekk for å sjå denne filmen var det eit spørsmål som svirra rundt i hovudet mit; er det nokon grunn for at denne filmen skal eksistere? Og det er det i grunn ikkje. Den første filmen hadde ein ganske definitiv slutt der alle konfliktane vart avslutta.

Men når dei først lager ein oppfølger, uansett kor lite naudsynt den måtte være, så bør ein sjå den på sine eigne premisser. Korleis er Alice Through the Looking Glass? Ganske bra igrunn.

alice-in-wonderland-movie-character-lineup-790x444

Når eg sa at eg var sikker på at denne filmen ikkje trengte å eksistere, så har det mest med den første filmen å gjere. Den var for det meste basert på boka Through the looking glass, and what Alice found there, og det blir fortalt at handlinga i Alice in wonderland alt har skjedd for fleire år sidan. Tenk litt på det sånn her; kva om den første Ringdrotten filmen hette Ringens brorskap, omhandla historia til To tårn, men hadde med det meste i Moria for det er det dei fleste hugse. Då står du litt fast når du kallar neste film for To tårn.

Dette var visstnok den siste filmen til avdøde Alan Rickman og det var litt trist, og godt, å høyre stemma hans igjen. Tilnærma alle skodespelerane frå førre film er tilbake, noko som er gledeleg sidan både denne og den førre filmen har ei særdeles sterk rollebesetning. Det verkar som om alle saman har hatt det gøy på settet, som alltid er eit stort pluss. Blant høgdepunkta er Stephen Fry som Cheshire-katten og Anne Hathaway som den kvite dronninga. Det som overaska meg mest i filmen var faktisk Sacha Baron Cohen, som spiller ein personifiseringa av tida. Eg skal være ærleg og si at eg igrunn ikkje like Cohen som skuespiller, han pleier bare spille ei rolle, nemleg; «Sacha Baron Cohen». Men her fungere det, alle dei vanlege faktene og ablegøyene hans passer beint inn i Wonderland-universet, det hjelper og at han gjør ei genuint bra rolletolking.

alice-through-the-looking-glass1

Ei rolle som faktisk er hakket betre enn i førre film, er Alice sjølv. Mykje av grunnen til det er at ho denne gongen er kjend med Wonderland. Når ho møter alt det absurde, stiller ho aldri spørsmål ved det, men aksepterer at det er slik det er der. Noko som liknar meir på slik Alice var i den originale historia, der alt virke som ein draum.

Ein av styrkane til filmen er faktisk at den ikkje trekker noko særleg materiale frå nokre av bøkene. Det gir filmskaparane ein ekstra fridom til å lage si eiga historie, noko ein må seie at dei har klart ganske godt. Uttryksmessig så ser ein med ein einaste gong at dette er ein Tim Burton film, sjølv om han bare er produsent. Om du ikkje er så begeistra for Burton, er nok ikkje dette filmen for deg. For dei som derimot liker estetikken hans, er dette ein visuelt interessant film fylt av underhaldande scener.

alice-through-the-looking-glass-mia-wasikowska-image

For å gi ei oppsummering, vil eg nok seie at eg likte denne betre enn forgjengaren. Så sjølv om filmen ikkje kjem til å hamne på nokon topp 10 lister i desember, er det ein ganske underhaldande film.

Terningkast 4.