Bli med på vegen inn til ei anna verd

Chihiro og Heksene er ein japansk animasjonsfilm frå 2001, som gledeleg er å sjå i desse dagar på Bergen kino, no med norske stemmer.

Tekst: Mari Mulelid

CHI

Filmen byrjar med at vesle Chihiro og foreldra er på flytteferd til ein ny plass. Vi ser ein tydeleg trist Chihiro som ikkje ynskjer å flytte til ein ny og ukjent stad. Då faren, som sjåfør av bilen, tek av på ein feil og skummel veg, byrjar eventyret. Faren til Chihiro blir nærast dratt mot ein tunnel, og tek med seg kona og den utruleg redde og sjenerte veslejenta si.På den andre sida møter vi ei verd full av fantasi, magi, hekser, og snakkande froskar. Til trass for at denne filmen eigentleg er ein barnefilm, har den uføreseielege vendingar og utviklingar, som skil den ut frå andre ”oppskriftsprega” barnefilmar.

Chihiro byrjar som ei redd og uskuldig jente utan mykje viljestyrke eller mot. Ho møter utrulege problem og fantastiske vesen, og ved å gå gjennom skjer ei utvikling som går langt forbi hennar karakter, og hennar medkarakterar.

CHI1

Denne filmen er kanskje frå 2001, men er tidlaus som andre filmar i denne sjangeren. Medan ein ser denne filmen får ein ei kjensle av å sjå ein unik film utan sidestykke, men på same tid ser ein òg eit snev av A Neverending Story (1984), A Wizard of Oz (1939), Det Levende Slottet (2004), og BBC-serien The Lion, the Witch and the Wardrobe (1988). Alt det ein elskar frå desse andre filmane, tek Chihiro og Heksene til nye nivå. Det er forbløffande kor langt fantasien i denne filmen går – den er utan grenser.

Chihiro er i fare for å miste seg sjølv og foreldra sine, men ved å hugse på seg sjølv igjen blir ho meir enn den personen ho var. Ho ender opp som den einaste modige i eit bygg med både mektige magiske vesen og sjølvutnemnte sjefar, og må difor rette opp i situasjonar som ingen andre tør å ta tak i.

Verda som Chihiro ender opp har eit eige sett med fysiske og naturlege lover, som veslejenta rast aksepterer, og understrekar avstanden mellom det reelle og det utrulege. Dei visuelle bileta i filmen er verkeleg å drøyme seg vekk i. Det herlege absurde blir anten litt forklart, eller heng i lufta. På lik linje med faktum i den reelle verda, treng ein ikkje å overforklare eller skildre kvifor ting er som dei er. Det er oppfriskande moderne i ein barnefilm å la hendingar eller observasjonar gå litt uforklart slik at sjåarane kan legge til sin eigen fantasi og fundere over kvifor det er som det er. Dette gjev filmen ikkje berre ein forteljande men òg kanskje ein litt deltakande påverknad på sjåarane, noko som er utruleg kjekt for barn spesielt, og kanskje til og med naudsynt i ein aukande fantasilaus verd.

Eit besøk til denne fenomenale verda er noko alle bør gjere, born så vel som vaksne. Om du er glad i fantasi, det utrulege, eller berre ynskjer ei flukt frå den reelle kvardagen i to timar, som vil eg på det sterkaste tilråde alle å reise saman med Chihiro på dette eventyret.