The Avengers: Age of Ultron

Hemnarane er tilbake! Og Atrium er der for å sjå korleis hemnen blir gjennomført!

Av: Mari Mulelid

AV

The Avengers: Age of Ultron (2015) tek for seg handlinga frå Marvel sin miniserie Age of Ultron (2013). På starten av denne filmen ser vi «The Avengers» som sloss mot dei resterande av Hydra-agentane på ein hemmeleg Hydra-base, der dei driv med urovekkande og skummel forsking på Lokes sitt septer (som vi vart kjent med i førre Avengers-film).

Filmen starter midt i slåssinga mot Hydra-agentane, der vi ser favorittane våre i full aksjon: Iron Man (Robert Downey Jr.), Thor (Chris Hemsworth), Captain America (Chris Evans), Black Widow (Scarlett Johansson), The Incredible Hulk (Mark Ruffalo) og Hawkeye (Jeremy Renner). Slåssinga, krasja, eksplosjonane, skjoldet til Captain America, Iron Man sin finstas og knyttnevane til Hulk er alt utruleg bra regissert og filma. Joss Whedon skuffer ikkje med det visuelle og koreograferte. Sjølv om ein del av dette er digitalt produsert, øydelegg ikkje dette for kor mettande det er for auga. I denne opningssekvensen kjem òg dei to nye tilskota inn i bilete: søskenparet Quicksilver (Aaron Taylor-Johnson) og Scarlet Witch (Elizabeth Olsen).

© 2015 Marvel
© 2015 Marvel

Etter å ha fått tak i septeret bruker Dr. Banner og Tony Stark det til å skape ein robot med sjølvstendig kunstig intelligens, Ultron. Dette er i grove linjer for å skape nokon som kan halde ei verdsfred, som diverre går veldig feil. Dermed må laget av superheltar sloss mot Stark sin eigen kreasjon.

Avengers: Age of Ultron går forbi den førre filmen The Avengers (2012) når det kjem til «action». Frå store eksplosjonar, satellittar som kjem til berging, robotar, til ein heil skyskrapar som blir rasert ned til grunnen – denne filmen ligg ikkje på latsida. Den er òg fylt med gode og morosame replikkar frå alle karakterane (spesielt Iron Man, sjølvsagt). Filmmakarane har verkeleg teke det opp eit gir eller to, men det kan kanskje til tider bli litt mykje. På eit punkt stod alle superheltane meir eller mindre i ein sirkel og sloss på same tid, i same bilete. Dette kan bli litt mykje for auga bak 3D-brillene, og bli litt visuelt bråkete.

Eg, som sikkert mange andre Quicksilver-tilhengarar vart ganske gira då det vart avslørt at han skulle ta del i filmen. I X-Men: Days of Future Past (2014) laga Bryan Singer ei av dei beste scenene i alle superheltfilmar nokosinne med Quicksilver. Her kjem Whedon sin versjon til kort. Dei tek heller ikkje høgde for at Quicksilver sin kropp er bygd for slik hastigheit, medan dei personane han skubbar eller ber på ikkje er det. Noko som dei prøvar å kommentere og forklare i X-Men. Medan Scarlet Witch var meir «badass», i mangel på betre norsk ord.

Quicksilver / © 2015 Marvel
Quicksilver / © 2015 Marvel

Ein kan stille seg spørsmålet om dette er for mange store superhelt-karakterar til ein film. Heldigvis er det slik at filmen har eit ensemble av gode skodespelarane, med tydeleg god kjemi med kvarandre. Dei tek kvar mogelegheit å gje karakterane sine djupn og til ein viss grad skape sympati hos sjåaren. Dei karakterane som har solofilmar kjenner vi allereie, men dei som vi ikkje kjenner så godt i Marvel sitt filmunivers, altså Black Widow/Natasha Romanov, Hawkeye/Clint Barton, og denne versjonen av Hulk/Dr. Bruce Banner, får større fokus enn tidlegare. Dette gjev dei litt meir kjøtt på beina i form av bakgrunnshistorie, og dei psykologiske sidene ved å vere ein «Avenger». Måten dei utbroderer dei ulike karakterane varierer, men er godt vove inn i plottet til filmen og gjennomført på ein god måte. Mellom anna gjennom Scarlet Witch sine psykiske manipuleringa.

Joss Whedon har ytra at han ikkje orka å lage fleire av desse Avengers-filmane, så det er tvilsamt at han vil fortsette med desse store prosjekta. Det blir derimot interessant korleis vegen blir fram mot Captain America: Civil War (2016) regissert av brødrene Anthony Russo, Joe Russo (som tidlegare har regissert Captain America: Winter Soldier), som er basert på miniserien Civil War (2006-2007), sidan det har no vorte laga spelefilma i omvendt rekkefølgje med kronologien til teikneseriane.