Ordsmeden frå Hardanger

«Eit ord kan gjera jøtulverk, / og lever endå mannen fell» skreiv Olav H. Hauge i «Song til stormen» (frå Glør i oska, 1946). Det har gått tjue år sidan diktaren døydde (23. mai 1994), men orda og dikta hans har gått over historia og fått plass i mangt eitt norsk hjarta.

olav-h-hauge

Ljå og penn

Olav Håkonsson Hauge vart fødd i 1908 i Ulvik i Hardanger. Han gjekk på hagebruksskule i heimbygda og gjekk fire år i gartnarlære. Frå dagen han blei ferdig med opplæringa levde han av fruktdyrking på kårbruket han åtte i Ulvik og gartnararbeid i hagar ikring i bygda.

Tenkjer ein på kjente diktarar, ser ein straks for seg udøyelege legender som Baudelaire, Byron eller Bukowski: Geniale og angstfulle sjeler som levde korte og lidenskapelege liv og døydde tidleg (meir eller mindre). Olav Hauge var ikkje den typen mann, ikkje ein «sex, drugs & rock’n’roll» kar i det heile teke, for å seia det sånn. Ein smålåten, tilbakehalden harding som budde heile livet på heimbygda si og dreiv med hagebruk. Så enkelt er det å portrettera «han Olav».

Attåt hagebruk var det noko anna den unge Olav Hauge interesserte seg veldig mykje for: litteratur, særleg dikt. Då han var tenåring fekk han ei veksande interesse for diktarar og verka deira, og under læreperioden byrja han å skriva eigne stykke. Han kunne visst ikkje ant det på den tida, men det ville vorte akkurat den uvanlege hobbyen hans som ville gjort gartnaren «skalden frå Hardanger».

Hauge var interessert i språk òg: På mellomskulen lærde han engelsk og tysk, og på eiga hand lærde han seg fransk. Han odla dei tre framandspråka og utvikla særs god kunnskap i dei gjennom lesing, omsetjing og gjendikting av framande dikt.

Hauge hadde no og da psykiske problem frå ungdomstida til opp i femtiårsalderen og var difor innlagd på sjukehus fleire gonger. I tillegg var han korkje sjølvsikker eller særleg utettervend då han var ung. Begge delar gjorde at han tok til i utkantane av den litterære institusjonen; frå 1927 til 1946 fekk han prenta ei god mengd eigne og omsette dikt, men berre i lokale aviser.

Sjølv om han byrja å skriva veldig tidleg, debuterte han ikkje med bok før 1946, då han alt var 38 år gamal: Glør i oska heiter Hauge sin fyrste diktsamling, utgjeven av Noregs Boklag. Dikta i boka er heilt tradisjonelle når det gjeld form og stil. Der er strofer, det er enderim og heller fast metrum, dikta er lange og det er òg mange tydelege religiøse og episke referansar (til og med komplisert biletspråk til liks med norrøne kjenningar og tung, nesten bibelsk språkbruk) – bunden form i all si prakt. Emnet til samlinga kjem beint or den romantiske tradisjonen. Mannen og naturen er hovudpersonar i dei fleste dikta og temaet er nesten alltid knytt til «det sublime», og menneskja sitt endelause og uløyselege hat/kjærleik-forhold til livet og verda.  Pessimisme og blytung verdigheit er nøkkelord i Glør i oska-perioden.

Eg er berre ein gneiste

av den store eld.

Og som eg kveikest i myrkret,

Skal eg slokna ein kveld.

 

Eg er den bylgja som brusar

i denne stund,

med nye fødest og fyllest

og gamle sig i blund.

Slik lyder dei to fyrste strofene av «I dag og i morgon», fyrste dikt i samlinga, og eit av Hauge sine mest kjende stykke.

Frå romantikken til Dinggedicht og modernisme

Etter debuten kom det nye bøker med eigne dikt kvart femte år opp til 1971. I 1951 kom Under bergfallet og i 1956 Seint rodnar skog i djuvet. Med desse verka byrja diktaren å prøve seg på det frie verset.

I dagboka hans, som han skreiv frå han var 15 år gamal og opp til dauden, gav Hauge nemleg uttrykk for tvil mot tradisjonelle former. På den tida byrja han å tykkja at bunden form ikkje var det mest passande valet for diktinga hans fordi ho ofte gjekk på kostnad av det poetiske. Det er karakteristisk nok at bortsett frå sonettar, som finst i heile produksjonen, gav han i alle høve ikkje opp korkje strofa eller rimet som retoriske middel, men valde stadig enklare og mindre faste strofer. Han gav dikt med enderim ei smal ytre form, ofte ved å dela tradisjonelle metriske liner i to eller fleire kortliner. Det gjev ei kjensle av at det vert lenger mellom rima, og rimsetjinga får ein meir irregulær, særprega og individuell verknad.

Ein typisk eigenskap av Hauge si dikting på 1950-talet er det å stå folkediktinga nær, men samstundes gjera vegen kortare og kortare til fri verseform. Han brukte gjerne såkalla aksentvers, der talet på trykktunge stavingar i lina er fast, medan talet på trykklette kan variera. Dette er jo ei kav tradisjonell form, men lèt òg meir fridom til diktaren. Ved å eksperimentera med denne svingande balansen mellom tradisjon og fornying, glei Hauge meir og meir over til det siste, og enderimet vart ofte eit uttrykksmiddel i fri verseform. Det er viktig å skjøna at det ikkje er som om han mista kontroll på stilen og diktinga si: Han skifta frå den forma til hi dørgande medviten, han var vel ikkje amatør lenger!

Når det gjeld emnet, syner dikta hans Hauge ein slags dobbel bakgrunn alt frå fyrste stund. I eigne dikt har biletspråk heilt klårt utgangspunkt i bygdelivet og naturen, men samstundes kjem det fram ei svært omfattande interesse for litteratur som viser seg i omsetjingsforsøk både av mindre kjende engelskspråklege forfattarar og av store namn i engelsk tradisjon som William Shakespeare og Robert Browning. Sjølv om han ikkje hadde formell utdanning innanfor litteratur eller litteraturhistorie, var han temmeleg godt orientert i både eldre og nyare europeisk lyrikk, takka vera lesing, sjølvstudium og original omarbeiding av kjende tema frå før i tida.

Interessa og vyrdnaden for andre lyrikarar finst både ope og meir indirekte i form av dialog og samvære med eldre og somtid samtidig poesi og annan litteratur og kunst, til dømes i diktet «Til Shelley» (1951).

Dialogen med litteraturverda og forenkling av forma gjennom fritt vers og lettare språkbruk er dei to hovudprinsippa Hauge bar fram i samlinga På Ørnetuva i 1961. Her finn me dikt som «Til eit Astrup-bilete» (dialog med kunst), «Eg dreg ifrå glaset» (naturen, men ikkje idealisert som i byrjinga) og «Til Li Po» (hyllest til kinesisk poesi). Hauge vart smått om senn særskilt oppteken av klassiske kinesiske dikt, han såg spesielt opp til den einfelte stilen og den solklåre språkbruken. Inngjevnaden frå kinesisk dikting er noko Hauge dyrka og viste fram i eigne stykke frå 1961 opp til si siste samling.

På Ørnetuva gjorde at Hauge endeleg fekk koma fram i det litterære ljoset i Noreg: Han vann Norsk Litteraturkritikerlags pris og boka kom i nytt opplag vinteren 1962 med etterord av kritikaren Ragnvald Skrede. Boka vekte spesiell åtgaum hjå mange av dei unge forfattarane som steig fram kring studenttidsskriftet Profil i slutten av 1960-åra (med bl.a. Jan Erik Vold og Dag Solstad). Det frie verset var ytringsforma diktaren føretrekte og dette blei sett av resten av litterærscenen i Noreg som eit fornyande og positivt trekk. Det vart òg lagt stor vekt på at biletspråket var endeframt og sansenært, og at ein ikkje tolka bileta som symbol eller allegoriar fordi dei alt fungerte poetisk. Hauge fokuserte rett og slett berre på sjølve ting og ikkje på tydinga deira, for han meinte at den siste ville vist seg naturleg om den fyrste ville vorte godt skildra.

Denne eksistensialistiske modernismen vert gjennomført endå meir i Dropar i Austavind, utgjeve i 1966. Her finn me stutte, jordnære og ofte kyniske (men ikkje vonbrotne) tankar, som funkar poetisk i seg sjølve, nesten utan nokon innsats frå lesaren. Hauge held fram med dialogen med lyrikarar og forfattarar i dikt som t.d. Leiv Eiriksson og Bertold Brecht og i tillegg får me lesa ekte metapoetiske dikt, altså dikt som dreier seg om sjølve diktet eller måten å dikta på. I denne samlinga hever Hauge si leiting etter den «rette» språkbruken seg til eit høgare nivå. Diktaren er i samtale med andre, eller berre tenkjer, og diskuterer diktinga si, sjølv om forbedringsprosessen ikkje er ferdig enno.

Eg har tri dikt,

sa han.

Seg telja dikti.

Emily kasta dei

i ei kiste, eg

kan ikkje tru ho talde dei,

ho sprette berre ein tepakke

og skreiv eit nytt.

Det var rett. Eit godt dikt

skal lukta av te.

Eller rå mold og nykløyv ved.

 

Sånn ser diktaren Emily Dickinson for seg, det var ikkje æresjuke som gjorde at ho skreiv nye dikt. Både ho og Hauge får inngjevnad og emne frå kvardagen: Ein lyt ikkje skapa det poetiske ved å gøyma bileta bak gruvla tankar, alt kan verta poesi viss ein kan dikta. Dette haldning til dikting er det Jan Erik Vold kallar for tingdikt, etter det tyske uttrykket Dinggedicht (brukt for å skildra dikta hans Rainer Maria Rilke, ein av dei aller fyrste modernistane i Europa). Desse tingdikta eller «nyenkle» dikta som dei også har vorte kalla var jo ein reaksjon mot symbolsk dikting, men meir enn anna var målet å endeleg få ei røynleg dikting og det som stimulerte diktarane å leita etter det poetiske i kvardagen. Ein ville skriva om dei små og enkle tinga – det verkelege – og ha ein direkte samanheng mellom uttrykk og innhald. I diktet Vers ytrar Hauge seg akkurat om målet til modernistisk dikting – og slengjer òg nokre vittige spitord mot bror hans Oddmund, som var snikkar og visst ikkje oppmuntra Olav til å dikta:

Kan du gjera eit vers

som ein bonde tykkjer mun i,

skal du vera fornøgd.

Ein smed vert du aldri klok på.

Verst å gjera til lags er ein snikkar.

I 1971 kom Spør vinden ut, Hauge si siste «ekte» diktsamling (Janglestrå vart gjeve ut i 1980 som ein del av Dikt i samling). Her er ikkje store endringar i stil og form i forhold til Dropar i Austavind og På Ørnetuva, men det ser ut som leitinga etter den lette og klåre uttrykksmåten er komen til ei nokolunde fullnøyande stode. Slik skriv Hauge i diktet «Eg ser du har lært»:

Eg likar

at du

brukar

få ord,

få ord og

stutte setningar

som driv

i ei skurbye

nedetter sida

med ljos og luft

Eg ser du har lært

å rigla upp

eit vedlad i skogen,

godt å leggja det

i høgdi

so det turkar;

legg ein det lågt og langt,

ligg veden og røytest.

Metadikt heile vegen her: Visuelt kan diktet sjåast som eit vedlag med oppskrift på korleis ein skal bruka orda, i tillegg fylgjer diktet dei same reglane det føreslår å bruka (få ord / og stutte setningar / som driv / i ei skurbye / nedetter sida). Tema er kvardag og enkelt handarbeid, språkbruken er lett og openljos, det poetiske ligg i sjølve diktet, ikkje i tolking, og det heile er vakkert og velklingande. Dette diktet oppsumerer godt heile poetikken hjå Hauge, tykkjest eg.

Audmjukt flogvit

Olav Hauge døydde i 1994, men frå 1980 og utover gav han ikkje ut eigne dikt lenger. Han gav lell ut 6 samlingar med originale omsetjingar og gjendiktingar av framande dikt og nokre einstaka ymse prosjekt, som biletboka ABC, utarbeidd saman med kona Bodil Cappelen, med eit rim til kvar bokstav i alfabetet.

23. februar 1981 intervjua Bergens Tidende diktaren om Janglestrå og planane hans for framtida. Då Hauge blei spurt om korleis det var med engasjementet hans i det sosiale og intellektuelle miljøet, så svarte han:

«Kva eg har vilja med dikta mine torer eg ikkje svara på. Skam å seia det så har eg aldri trutt at eg kunne reformera verda, men eg kjenner vyrdnad for dei som trur dei kan det. Det er berre det at somme er fødde pessimistar, og eg er absolutt pessimist. Tryggaste det.»

Liv
1908: O. H. Hauge fødde i Ulvik i Hardanger.
1925/26: privat mellomskule i Ulvik.
1927 og 1933/34: Hjeltnes hagebruksskule i Ulvik.
1930 og 1931–33: gartnarlære fyrst på Noregs Landbrukshøgskule på Ås og deretter på Statens forsøksgard Njøs på Hermannsverk i Sogn.
1975 og 1978: fyrst sambuar og deretter gift med Bodil Cappelen
1994: O. H. Hauge døydde i Ulvik.
Viktigaste publikasjonar
1946 – Glør i oska, Noregs boklag, 1946
1951 – Under bergfallet, Noregs boklag, 1951
1956 – Seint rodnar skog i djuvet, Noregs boklag, 1956
1961 – På Ørnetuva. Noregs boklag, 1962 (1961)
1966 – Dikt i utval: Dogg og dagar ved Ragnvald Skrede, Noregs boklag, 1965
1966 – Dropar i austavind, Noregs boklag, 1966
1971 – Spør vinden, Noregs boklag, 1971
1972 – Dikt i samling (Bokklubben Dagens bok, 1996), Noregs boklag, 1972
1975 – Syn oss åkeren din (i utval ved Jan Erik Vold), Bokklubben, 1975 (henta frå Dikt i samling)
1980 – Janglestrå (utgjeve som del av Dikt i samling), Samlaget 1980
1983 – Regnbogane, Samlaget, 1983 (henta frå Dikt i samling)
1986 – ABC (biletboka, illustrert av Bodil Cappelen), Samlaget, 1986
1988 – Mange års røynsle med pil og boge (ljodopptak), Samlaget, 1992 (1988)
1998 – Det er den draumen (i utval ved Bodil Cappelen), Samlaget, 1998