Raftoprisen til russisk menneskerettsorganisasjon

Raftoprisen 2014 går til den russiske menneskerettsorganisasjonen Agora, representert av leiaren for organisasjonen, Pavel Chikov (36).

Menneskerettsforkjempar og leiar av Agora, Pavel Chikov Foto: Agora
Menneskerettsforkjempar og leiar av Agora, Pavel Chikov
Foto: Agora

Klokka 10 torsdag føremiddag offentleggjorde raftopriskomiteen sin leiar, Martin Paulsen, vinnaren.

Grunnen til utmerkinga er deira nådelause og profesjonelle arbeid for å forsvare retten til eit rettferdig rettssystem, og andre menneskerettar i Russland. Myndigheitene legg aukande press mot organisasjonar og enkeltpersonar. Situasjonen i landet i dag er så vanskeleg at Agora ikkje kan akseptere pengesummen som følgjer med Raftoprisen, heiter det i kunngjeringa.

Vidare seier kungjeringa at i den tilspissa geopolitiske situasjonen, er ein organisasjon som Agora svært viktig for å ivareta den russiske rettsstaten og dermed ei demokratisk utvikling i landet. Raftostiftelsen ønsker å løfte fram deira arbeid som eit døme på korleis ein kan kjempe for grunnleggande menneskerettar, også i dagens Russland.

Gratis rettshjelp
Agora vart danna i 2005 av menneskerettsorganisasjonane i byane Kazan, Cheboksary og Chita, og består av 35 advokatar som gir rettshjelp knytt til maktmisbruk frå dei russiske myndigheitene. Dei forsvarar aktivistar, bloggarar, journalistar og frivillige organisasjonar mot offentlege etatar sine ulovlege handlingar. Advokatane får betalt frå donasjonar til organisasjonen, og tek ingen gebyr frå sine kundar

Agora er mest kjend her i vesten for å ha ført rettssaka til det russiske pønkrock-bandet Pussy Riot.

Nei til pengesum
Den russiske lova om “utanlandske agentar” inneber auka krav til rapportering om organisasjonars økonomi og verksemd. I juli 2014 stempla justisdepartementet Agora “utanlandsk agent”. Dette var fordi dei påstår at dei driv politisk verksemd, og fordi dei mottek økonomisk stønad frå utlandet. Nektar organisasjonen å etterleve krava, kan dei bli tvangsoppløyste, noko som gjer at Agora må sei nei til prisbeløpet på 20.000 amerikanske dollar som følgjer med Raftoprisen.

Menneskerettsaktivist
Leiaren i Agora sidan grunnlegginga i 2005, er Pavel Chikov. Han er ein synleg forkjempar for menneskerettar i Russland, og hovudfokuset for han har vore dei som har lidd som eit resultat av maktmisbruk frå myndigheitene.

Han har vore med på å utforme prinsippa for ein reform av Det russiske innenriksministeriet. Han har òg publisert ei rekke artiklar om reformar av det russiske politiet, og han skriv regelmessig for Forbes.ru, Gazeta.ru, Novaja Gazeta og Slon.ru. Tsjikov sitt i Presidenten sitt råd for utvikling av sivilsamfunn og menneskerettar, for å vise Agora si vilje og evne til konstruktiv dialog med myndigheitene.

Raftoprisen
I fjor haust gjekk prisen til Bahrain Center for Human Rights, og Maryam al-Khawaja kom til Bergen for å motta prisen på vegne av vinnaren. Meir om dette kan du lese her og her.

Maryam al-Khawaja lever til dagleg i eksil i Danmark. Tidligare i haust vart ho fengsla då ho prøvde å komme seg inn i heimlandet Bahrain.

Prisen i år vert delt ut søndag 2. november 2014, kl.18.00-19.15 på Den Nationale Scene (DNS) i Bergen.

Stundentengasjement
Kristina Sørås Storebø (23) er ein av studentane som er engasjerte gjennom Raftostiftelsen si studentgruppe. Til vanleg studerer ho Interkulturell forståelse på NLA, men har i dag løfta blikket opp frå pensumbøkene for engasjere seg i menneskerettar, noko ho håpar fleire studentar vil gjere.

–Menneskerettar er alltid viktig på agendaen, seier Kristina (23) frå raftostiftelsens studentgruppe. Foto: Caroline Sanden

– Det er det som skjer rundt deg som er aktuelt, seier ho. Vidare understrekar ho viktigheita av å engasjere seg som student.

– Det er viktig at studentane vert høyrt. Vi står midt i ein revolusjonerande prosess i verda, og vi kan prøve å skape ei endring.

Sjølv fekk ho høyre om Raftostiftelsen si studentgruppe gjennom NLA. Ho sende inn ein søknad, og fekk vere med. Ho fortel om eit godt førsteinntrykk då ho kom til rafto-huset første gongen.

– Eg fekk eit positivt inntrykk av dei som jobbar her. Samhaldet og det sosiale er viktig, og slik vert ein godt kjend og kan arbeide betre saman, fortel ho.

Det er representantar frå både BI, NLA, UiB og NHH i studentgruppa, noko Kristina seier er nyttig.

–Slik får ein ulike perspektiv på saker, og ulike innputt.

Det er mykje å planlegge og setje seg inn i før prisutdelinga. Ho kan avsløre at ein av fordelane med å jobbe der er å få vite kven som får prisen, før alle andre.

– Far min ringde i går for å prøve å få det ut av meg, seier ho lattermild, og bekreftar at ho klarte å halde det for seg sjølv.

Avsluttande vil ho oppfordre alle til å engasjere seg i menneskerettar, og til å sjølvsagt kome på prisutdelinga i november.

– Med det vesle vi får gjort kan vi kanskje redde, om ikkje heile, men i alle fall litt av verda.