Frå blogg til bok

Foto: Guro Beitohagen
Foto: Guro Beitohagen

Linnéa Myhre debuterte som forfattar i 2012 med boka Evig Søndag.

Moldejenta tok Noreg med storm med bloggen linniiie.blogspot.com. Med sarkasme og svartmalt humor fortalte ho om livet med depresjonar og spisevegringsdiagnosen anoreksi.

 

Som å snakke om vêret

Romanen Evig søndag går over eitt år i Linnéa Myhre sitt liv der spisevegring og depresjonar er sentral tematikk. Sjølv seier ho at det ikkje er ubehageleg å dele slike personlege opplevingar, men at andre område av livet ville ha vore ukomfortabelt å blottlegge.

– Eg er så van med desse greiene at det er som å snakke om vêret. Privatlivet mitt til dømes, er ikkje noko eg kunne ha skrive ei bok om, fortel ho.

Vidare seier ho at romanen er sjølvbiografisk til ei viss grad.

– Eg er dødsgod på å overdrive eller å gi andre eigenskapar dei ikkje har. Eg er stort sett ekte, men har pynta på andre karakterar, eller teke frå dei eit par gode sider, fortel Myhre.

 

Utelukkande gode tilbakemeldingar

Negative tilbakemeldingar på Evig søndag er ikkje enkelt å spore. Ho fortel at boka er vanskeleg å hate, fordi ein ikkje kan hate nokon som tør å fortelje. Likevel var ho redd for korleis språket hennar skulle bli motteke.

– Eg føler at eg fekk bekrefta at språket bør bli betre. Eg ønskjer å gjere noko meir enn å fortelje. Ein kan skrive nesten kva som helst så lenge ein har godt språk, seier ho.

Myhre håpar på at det vert fleire bøker etterkvart, men ho anar ikkje kva tematikken då skal vere.

–Eg må berre ta meg saman først, før det kan bli ny bok. Eg hata å skrive den første, men då eg gav den ut var det såpass verd det at eg vil gjere det igjen. Dessverre veit eg no kor mykje arbeid det er, seier ho.

Ho fortel vidare at den største utfordringa var å faktisk skrive.

– Eg var så deprimert at eg ikkje kunne skjønne at nokon ville orke å lese det. Og det gjer det endå meir deprimerande, å skulle fortsetje på noko ein ikkje har trua på, seier ho.

 

Oppmodar til openheit

I 2011 deltok Linnéa Myhre i NRK-serien La Linnéa Leve, som omhandla psykiske lidingar, og korleis Myhre levde med depresjonen sin. I 2012 fekk ho Tabuprisen frå Rådet for psykisk helse fordi ho med boka Evig søndag når fram til unge med temaet psykisk helse.

Myhre har stått fram offentleg med sine problem, og ho veit at openheita rundt temaet har vore til hjelp for ein del som strevar med det same til å tørre eller ønske å gjere noko med det.

– Det er vanleg å skamme seg så mykje at ein ikkje vil fortelje det til nokon. Å høyre at det ikkje er farleg å spørje om hjelp, trur eg er positivt, slår ho fast.

Vidare seier ho at ho trur det er ei myte at ein ikkje kan bli frisk av ei spisevegring.

– Når det gjeld for eksempel depresjonar, er det noko som kan ramme kven som helst, når som helst.

Ho seier at depresjonane kan komme attende, men at ho sjølv kan gjere sitt for å unngå det.

– Det hjelper å ikkje stenge meg inne, og å ikkje slutte å trene, seier ho.

Til andre som slit med det same som Myhre gjer, vil ho råde til å prate med nokon om problemet.

– Ei spisevegring forsvinn ikkje av seg sjølv, det kan eg garantere. Før eller sidan må du gjere noko med det, for i lengda er det ikkje til å leve med, seier ho.

 

På skulebenken

Denne hausten har Linnéa Myhre vorte student, og tek fag innan Nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo. Dette tok ho berre for å ha noko å gjere, og for å få skriveinspirasjon. Det fekk ho, så no er skulen ute av fokus.

– Eg kjem ikkje til å fortsette på skulen til neste år, det et for mykje av tida mi som eg heller vil bruke på skriving, seier ho.

Likevel har ho ein liten draum om å få plass på Skrivekunstakademiet i Bergen.

– Eg likar Bergen, særskild det at det er så lite, og at bergensarane er så hyggelege. Alt er hyggelegare enn Molde, for øvrig, seier ho.

No skriv ho mest for seg sjølv, for å knekke ein kode og for å få til ei ny bok.

 

Heller forfattar enn bloggar

Linnea seier at ho ikkje kjem til å blogge att, slik ho gjorde tidlegare.

– Det var aldri noko eg var stolt av, det har aldri vore kult å blogge, seier ho. Ho legg ikkje skjul på at ho likar å bli lest, og ein tittel ho gjerne tek er forfattartittelen.

– Eg kan bli lest i bokform også, ikkje berre blogg. Det er noko eg kan vere stolt av, fortel ho.

Linnéa veit ikkje kor ho ser seg sjølv om ti år, men er redd for at ho sit fast i Noreg, enn kor mykje ho ønsker å flytte til eit anna land.

– Eg er altfor glad i grovbrød med leverpostei. Eg håpar at eg lever av å skrive, og at eg ikkje er åleine, fortel ho.

Først posta på brostein.uib.no