Hjelp, eg var i operaen!

Eg hadde aldri vore på ein opera før. Eg var tilstede på Grieghallen 2. november for å melde framsyninga «Fidelio» av Ludwig van Beethoven for Atrium. Denne meldinga blir dermed ein student/amatørmelding frå ein som vanlegvis går i teateret, men ville oppleve noko nytt.

Fidelio (2)
Foto: Magnus Skrede

Det fyrste som møtte meg i Grieghallen var alle mogelege menneskjer, både i veldig pynta og ikkje så veldig pynta antrekk. Det var mange vinglas å sjå i henda på dei sofistikerte, og litt Cola i den litt yngre garde.

«Fidelio» var Beethoven sin einaste opera som blei framsynt fyrste gongen i 1805, og vart ikkje så positivt tatt i mot på det tidspunktet, men har vore omarbeidd to gongar etter det i håp om å betre det.

Dirigenten kjem inn til applaus frå tilskodarane, og orkesteret byrja å spele. Eg er ein veldig stor tilhengar av klassisk musikk framført av strykeinstrument og supplerande blåseinstrument. Eg hugsar fyrste gongen eg var i Berlinerfilharmonien, som var ein erfaring for livet.

Men dette var annleis, ei i bakgrunnen av orkesteret byrja å synge. Ho stod faktisk bakom orkesteret, som fant plass midt på scena. Fyrste songen var ein duett mellom Marzelline, dottera til fengselsvakta Rocco, og Jaquino, assistenten til Rocco. Innslag av humor var der. Men skal ærlig seie at det var litt vanskeleg å høyre sopranen til tider, grunna posisjonen til orkesteret. Men scena var forma slik, er det inga vei ut.

Marzelline var forelska i Fidelio, ein anna fengselsvakt. Men då han byrja å synge, og som fyrstesopran merkar tilskodarane med ein gong at dette eigentleg er Leonore, kona til Florestan som er ein politisk fange i fengselet. Det er ikkje utan grunn Leonora har tatt namnet Fidelio, som tydar trufast.

Historia har viktige bodskap, som framleis er aktuelle i dag. Politiske fangar, korrupsjon, uskyldige menneskjer som blir dømt for lovbrot det ikkje har gjort, for ikkje å nemne kjærleik og truskap som får menneskjer til å gjere kva som helst for kvarandre.

Det kan ha vore at eg ikkje er vant med denne kunstforma, men hadde eg ikkje kjent historia på førehand hadde det kanskje vore vanskeleg å følgje heile historia. No var riktig nok songarane tyske òg, så det var ikkje så enkelt å følgje tekstane. Men underteksten gjorde det enklare å følgje med på historia og samhandlinga mellom karakterane som operasongarane ikkje uttrykka gjennom skodespelinga og synginga deira.

Det kan vere min mangel på erfaring med opera, og min kjærleik til teateret, men skodespelet mellom songane som vart framsynte verka litt overdramatisk, men det er kanskje noko med denne ekspressive kunstforma som gjer at skodespelinga blir litt annleis enn vanleg teater.

Siste scena etter det dramatiske klimakset i framsyninga likte eg best. Etter frigjøringa av Florestan, blei resten av fangane i fengselet òg sett fri. Dei blei «henta» av sine kjære, som møtte i ulike kostymer frå ulike land og historiske tider. Ein fin oppfordring til samhald og rettferd over dei ulike landegrensene i verda.

Om ein vil prøve seg på ein opera for fyrste gong, bør ein kanskje gå på ein av dei meir klassiske og kjente. Beethoven sin einaste opera er kanskje ikkje den beste å byrje på, sjølv om den har gode bodskap. Eg personleg synes historia er viktig for dei situasjonane i verda i dag, noko som fleire bør tenkje over.

Av Mari Mulelid