Oppskrift på julestemning

Flåklypa er for mange like obligatorisk for julestemninga som pepperkaker, Jesus, gløgg og Askepott. Det nye innskotet i Flåklypatradisjonen skuffar ikkje, og kan spåast som ein framtidig gjengangar i julestrida for både den eldre og yngre garde.

Solan og Ludvig- Jul i Flåklypa
Foto:www.filmweb.no

Originaltittel: Solan og Ludvig- Jul i Flåklypa (2013)

Sjanger: Animasjon, familie

Varigheit: 1t. 28 min.

Regi: Rasmus A. Sivertsen ( Pelle Politibil går i vannet og Kurt blir grusom)

Skodespelarar: Reodor Felgen, Solan Gundersen, Ludvig

Norske stemmar: Trond Brænne (Reodor Felgen), Trond Høvik (Ludvig), Kari-Ann Grønsund (Solan Gundersen), Kåre Conradi (Frimand Pløsen), Jon Brungot (Melvind Snerken), Anders Bye (Presseroboten).

Handling

Jula nærmar seg med (snø)stormskritt, og mange i den vesle bygda Flåklypa er redde for at dei ikkje skal få snø til jul. Ludvig er som vanleg meir bekymra enn andre, og speidar med lange blikk ut vindauget etter dalande, kvite flak. Redaktør i Flåklypa Tidene har lenge pryda framsida på avisa med tomme lovnader om snøfall, og tyr desperat til oppfinnaren Reodor Felgen, i håp om at han kan lage ei snømaskin. Han let seg overtale, sjølv om han ikkje er begeistra for å tukle med naturen. –”Det er fali det”, skal det vise seg.  Reodor Felgen forsvinn på mystisk vis, etter å ha funne opp ei litt for kraftig snømaskin. Solan og Ludvig må ta seg av juleførebuinga på eigahand, samstundes som Flåklypa må reddast frå tidenes snøstorm.

1380202691412_725
Foto: www.t-a.no

Tradisjonsskapar

Mange har ytra redsel for at nyskapinga skal øydelegge 70-tals suksessen Flåklypa Grand Prix (1975), som er den mest sette norske filmen gjennom tidene. Den er meisla inn i norsk juletradisjon, og vert sendt kvar jul på NRK. Det er inga grunn til bekymring! Dette er absolutt eit gledeleg gjensyn med Kjell Aukrust sine folkekjære figurar Solan, Ludvig og Reodor Felgen.

Historia om jula som må reddast er ukomplisert, men absolutt velfungerande. Skeive hus, kjende stemmar og dialektbruk som ikkje lagar riper i tradisjonen. Mykje gøy, som forventa frå eit Aukrust-univers. Humoren ligg på eit vakse nivå, så pass på at du ikkje set fast klementinbåten i strupen under ei uventa latterkule. Likevel ein film til underhaldning for dei små som dei store.

Mennesketypane kan ikkje slå feil. Den snerpete butikkdama, den gretne gamle gubben, og redaktøren med ambisjonar større enn bygda sine kvalifikasjonar. For ikkje å gløyme den nonchalante optimisten Solan, og den overnervøse pessimisten Ludvig.

teaserPoster copy
Foto: www.filmweb.no

Animajsonssuksess

Solan og Ludvig – Jul i Flåklypa er en stop-motion dukkefilm, basert på boka Solan og Ludvigs jul av Harald Sommerin Simonnæs, med figurar i velkjend Aukrust-stil. Animasjonsregissør Sivertsen er for tida Noreg sin mestproduserande regissør sin sjanger.

Å bringe Flåklypa til kinolerretet att etter nesten 40 år, er ingenting anna enn ein suksess. Når ein går smilande ut av kinosalen, kan ein ikkje unngå å trille ein seksar på terningen.

Filmen har premiere 8.november, så då gjenstår det berre å sprette akevitten og setje pinnekjøtet på kok – No er jula redda.

httpv://www.youtube.com/watch?v=lhFKBmE99j8