Raftoprisen 2013 går til organisasjon frå Bahrain

Bahrain Centre for Human Rights (BCHR) vert tildelt Raftoprisen 2013 for sitt arbeid for menneskerettar i Bahrain.

Klokka nærma seg 10:00, og det er formell stemning i Raftostiftelsen sitt hus på Menneskerettighetenes plass på Nygårdshøgda. Videokamera er rigga, og mikrofonar frå dei store pressehusa står plassert på rad og rekkje, klare til å sende bodskapen ut til flest mogleg. I salen sit dresskledde pressefolk frå fjern og nær, og ventar i spenning på kunngjeringa.

På slaget ti kjem leiar i programkomiteen Martin Paulsen og offentleggjer vinnaren.

”Raftoprisen 2013 vert tildelt Bahrain Centre for Human Rights, for deira langvarige og modige arbeid for fundamentale menneskerettar som ytringsfridom og forsamlingsfridom i Bahrain” er grunngjevinga til Raftostiftelsen.

Fengsla for Twittermelding

Paulsen fortel om motet som må til for å kritisere myndigheitene i Gulf-statane. Emiren eller kongen oppfattar krav om politiske rettar som personleg kritikk, og dette vert slått hardt ned på. Ein kan risikere fengselsstraff på fem år om ein fornærmar kongen eller flagget i kongedømmet Bahrain.

Myndigheitene i Bahrain har bannlyst organisasjonen, etter at organisasjonens leiar under eit offentleg seminar i 2004 kritiserte statsministeren. Bahrains Arbeids-og sosialdepartement beordra dei å legge ned organisasjonen etter dette.

BCHR sin daglege leiar Nabeel Rajab (49), sit i dag i fengsel for å ha kritisert statsministeren i Bahrain på Twitter. Han vart dømd i 2012, og fekk tre år i fengsel som seinare vart redusert til to år. Fungerande leiar i organisasjonen i dag er  Maryam al-Khawaja.

Fleire vinnarar har fått Nobels fredspris

Raftoprisen har vore utdelt kvart år sidan 1987, og har  vorte gitt til personar eller organisasjonar som ikkje er kjend på verdsbasis. Fleire av dei som har fått prisen har seinare vorte tildelt Nobels fredspris, til dømes Aung San Suu Kyi og Shirin Ebadi. Utdelinga av Raftoprisen finn stad den første søndagen i november på Den nasjonale Scene, og etter utdelinga vil det vere fakkeltog. 

Raftoprisen

  • Rafto-prisen har blitt utdelt årleg sidan 1987, og har etter kvart oppnådd stor internasjonal prestisje.
  • Prisen er ein menneskerettspris innstifta til minne om professor Thorolf Rafto, som var professor i økonomi på NHH.
  • Mottakaren skal vere ein aktiv deltakar i kampen for ideane og prinsippa som ligg til grunn for menneskerettane, eller vere eit symbol for desse rettane.
  • Mottakaren kan vere ein person eller ein organisasjon. To eller fleire mottakarar kan dele prisen.
  • Raftoprisen vert delt ut kvart år den første sundagen i november på Den Nationale Scene i Bergen.

Desse har fått Raftoprisen tidlegare:
2012: Nnimmo Bassey, Nigeria
2011: Sexual Minorities Uganda, Uganda
2010: José Raúl Vera López, Mexico
2009: Malahat Nasibova, Aserbajdsjan
2008: Bulambo Lembelembe Josué, DR Kongo
2007:The National Campaign on Dalit Human Rights, India
2006: Thich Quang Do, Vietnam
2005: Lidia Yusupova, Tsjetsjenia
2004: Rebiya Kadeer, uigurenes autonome region Xinjiang i Kina
2003: Paulos Tesfagiorgis, Eritrea
2002: Sidi Mohamed Daddach, Vest-Sahara
2001: Shirin Ebadi, Iran
2000: Kim Dae-jung, Sør-Korea
1999: Gennady Grushevoy, Hviterussland
1998: ECPAT «End Child Prostitution, Child Pornography and the Trafficking of Children for Sexual Purposes»
1997: Romanifolket, representert ved professor Ian Hancock
1996: Palermo Anno Uno, Italia
1995: Soldatmødrene i Russland
1994: Leyla Zana, Kurdistan/Tyrkia
1993: Folket i Øst-Timor, representert ved José Ramos-Horta
1992: Preah Maha Ghosananda, Kambodsja
1991: Elena Bonner, Russland
1990: Daw Aung San Suu Kyi, Burma
1989: Doina Cornea, Romania og FIDESZ, Ungarn
1988: Trivimi Velliste, Estland
1987: Jiri Hajek, Tsjekkoslovakia

NRK.no (2013), «Raftoprisen til menneskerettsorganisasjon» [Online], nedlasta 26.09.2013 frå:  http://www.nrk.no/hordaland/bchr-far-raftoprisen-2013-1.11263759

Bilete frå: http://www.rafto.no/page/820/The_Rafto_Prize