#HFdagensfoto #FMSphotoaday #konkurranse

#HFdagensfoto

Chantelle Ellem driv bloggen FatMumSlim  der ho oppfordrar folk til å ta eit bilete for dagen og dele det på sosiale media som twitter, facebook, tumblr osb.

HF-konkurranse
Utifrå denne ideen og månadslista vert det no meir «HFisert»  ved at det er laga ein eigen konkurranse for dette på facebook, på gruppa: #HFdagensfoto. Vinnarane får ei lita overrasking 🙂

Reglane for å vere med å spele dette spelet er enkle. Ein tek bilete av noko i løpet av dagen som passar til dagens stikkord/setning som ein får på den aktuelle lista for månaden og så deler ein det.

Eg har nett hengt meg med på Oktober-lista, og eg vil oppfordre deg til å hengje deg på. Om du vil dele berre på FatMumSlim sine sider eller om du vil vere med å dele bilete på facebooksida #HFdagensfoto er heilt opp til deg sjølv!

5 vinnarar i månaden

Reglane for å verte med på #HFdagensfoto sin konkurranse er enkle:
1. Du lyt vere student på HF (UiB).
2. Bileta må passe til dagens tema, og helst vere tatt på HF (UiB).

Då er det berre å setje igang å knipse bileter, og dele!
Vinnarane av #HFdagensfoto for Oktobermånad vert annonsert 01.11.2012 på facebook og Atriumbloggen.

oktoberlista
For tips til bileter og vidare informasjon om Chantelle Ellem / FatMumSlim sjekk ut heimesida hennar, www.fatmumslim.com.au !