Vekas ord: Alt er diskurs

Det var det herrens året totusenogni då underteikna inntok Nygårdshøgda for ein treårig prøveperiode. Ung, dum og ubesudla sat eg der i det gule bygget den haustdagen, og utgjorde eitt av dei nokre-og-førti par auga som stira skrekkslagent mot emneansvarleg. Ho sto verdsvant på podiet og greia ut om hundrenivå, phil og fac og kark, som om det var noko ein fekk inn med morsmelka. Rart å tenkje på no, når eg sit her, elta som ei luftig grunndeig av sjølvaste UiB på tredje året. Lite visste eg at desse framanda omgrepa eg vart presentert for den dagen berre skulle vise seg å vere opptakta til opptakta. Eg hadde enno ikkje blitt infisert med den verkelege styggedomen.

Akk… (Interjeksjon, ‘uttrykk for fortviling, sorg’). Sidan skulle eg alltid lure på kor tid og korleis det skjedde, men aldri verkeleg hugse det. Det kom glidande inn, som ein tung tåkebank frå havet, umerkeleg, som ei Pesta med riva i den bylleråka høgrearmen. Som eit stadig veksande utslett.

Dei kalla det diskurs.

Det var byrjinga på fleire år med smerte.

Didaktikk skulle eg saktens tåle (undervisingslære). Og kanskje til nød dialektikk (argumentasjonsteknikk). Men diskurs? Universitetet sitt eige husspøkelse, som sneik seg inn overalt? Nei. Eg klarte det ikkje. Hamna rett og slett inn i ei tilstand av apati, som er ei kjend forsvarsmekanisme mot uhyrlegheiter (og ikkje i det heile teke eit teikn på latskap i dette tilfellet). Noko anna forklaring finn eg ikkje på at eg to år og sikkert bortimot femti søk på ordnett seinare, framleis stoppar opp i eit langt “øøøøøhm” kvar gong eg snublar over det nemnde omgrep.

No har nok tida kome for å innsjå at slaget er tapt:
Eg er faktisk nøydd til å finne ut kva det betyr.

Here we go again. Eit nytt ordnett-søk bringer (i tillegg til ei merkeleg kjensle av déjà-vu) følgjande forklaringar: ‘debatt, samtale, drøfting, logisk tankeutvikling ledd for ledd’. Vidare stammar ordet frå det latinske discursus ‘springe fram og attende’ (noko eg har null problem med å forstå). Så langt høyrest det jo lett fordøyeleg ut. Men korleis knyte dette opp til dei ulike samanhengane eg har sett ordet i?

Nøkkelordet her er kontekst (sjølvsagt er det det). I mitt fag, litteraturvitskapen, blir diskurs nytta om måten handlingsrekka blir presentert på i ei forteljing, i motsetning til den faktiske, historiske handlingsrekka. Lat oss seie at dette er dei faktiske hendingane, kronologisk etter kor tid dei fann stad: Ho set seg ned for å skrive ein tekst om diskurs, reiser seg så for å lage ein kopp kaffi, kjem tilbake og søler på dataen. Forfattaren kan derimot velje å late forteljinga opne med eit kaffisølehyl, og deretter føre lesaren inn i den neglebitande dramatikken i forkant.

Det er omtrent der det stoppar for min del. Men frykt ei, for det er dette Wikipedia er til for. (Ikkje døm, du veit du gjer det same). Her vert eg minna på det eg mistenker eg eigentleg visste ein gong i tida, at Michel Foucault er min mann. Denne karen utvikla omgrepet diskurs som ein term innanfor idéhistorie og samfunnsfilosofi på sekstitalet, og ifølgje nrk sine teorisider var omgrepet i denne samanhengen “et sett med begreper, problemstillinger og formuleringer som ligger nedfelt i språket og som alle deler innenfor en gitt kultur”. Det er altså snakk om noko forankra som ein oftast ikkje er medviten om, og som avgjer både språk og røyndsoppfatting. Vidare er diskursen nært knytt til makt; den som får avgjere den, får på same tid avgjere røynda. Døme: terrorist eller fridomsforkjempar?

Kva kan ein vidare seie om diskurs? Ein heil del, dersom formatet hadde vore anna enn eit blogginnlegg, og dersom personen som skulle seie noko om det hadde vore ein annan enn eg. Diskursomgrepet er langt meir omfattande enn det har vorte framstilt her, og kan ha svært ulike tydingar alt etter kva samanheng ein finn det i. Avslutningsvis vil eg her smette inn nokre kloke ord frå ein medstudent og nær veninne av meg som sa: “Diskurs er ikke bare ord, eller språk. Diskurs representerer på alle måter alt som kan gjøre deg forvirra iløpet av en hverdag”.

Med dette håpar eg du har fått ein liten peikepinn på kva omgrepet inneber. I så fall kan du føle deg fri til å opplyse meg i nær framtid, då eg allereie har gløymt det.

——————————-

KJELDER:

Ordnett, nedlasta 17.09.11: [link]

Wikipedia, nedlasta 17.09.11: [link]

NRK sine teorisider, nedlasta 17.09.11: [link]

Bilete (Discourse into the night) henta frå: [link]

Bilete av Michel Foucault henta frå: [link]

Bilete henta frå: [link]